Help:Extension:GlobalUserPage/nn
Utvidinga GlobalUserPage lèt deg bruka samme brukarside på mange wikier i ein wikifarm.
Slå på di globale brukarside
I dei fleste tilfelle treng du ikkje å gjera noko spesielt. Om ein lokal brukarside ikkje blir slik vist du ønskjer det, kan du bli nøydd til å ta eitt eller fleire av følgjande steg.
- Opprett di brukarside på den sentrale wikien. På Wikimedia-prosjekta er brukarsida på Meta di globale brukarside.
- Viss du allereie har ei lokal brukarside på ein eller annan wiki med innhald som du ikkje lenger ønskjer å visa fram du be om sletting av sida. Sjå Help:Deletion and undeletion for detaljar, eller kontakt ein lokal administrator på den wikien. Merk at blir sletta den lokale brukarsida så medfører det at brukarsida ikkje lengre vil komma med i søkjeresultat.
Kvar innhald kjem frå
Di globale brukarside blir generert på den sentrale wikien, og «resultatet» blir vist på lokale wikier. Innhaldet du ser den sentrale wikien er det du vil sjå på andre wikier. Dette betyr:
- transkluderte malar vil bruka den sentrale wikiens målar (di globale brukarside vil ikkje bruka lokale malar);
- transkluderte spesialsider slik som vil transkludere data frå den sentrale wikien;
- parsar funksjonen
{{int:}}
vil visa systemmeldingar frå den sentrale wikien; - magiske ord slik som
{{SERVERNAME}}
vil visa verdien frå den sentrale wikien.
Wikilenker er relative, så dei vil visa til den lokale wikien.
På Wikipedia-prosjekta, bruk interwiki lenkjer.
Slå av di globale brukarside
For å slå av den globale brukarsida, så kan du bruka det magiske ordet __NOGLOBAL__
, som vil blokkera sidan frå å visast på eksterne wikier om det finst på den sentrale brukarsida.
Dette vil også bli brukt til å avgjera om ei lenkje til den eksterne wikien skal vera raud eller blå.
Kontrollera kva innhald som blir vist
Akkurat som ved transkludering av malar kan du bruka kodane <noinclude>
og <includeonly>
for å kontrollera innhald som berre blir vist på den sentrale wikien der sidan er lagra, eller vises globalt på alle nettstader.
Du kan «melda deg ut» av globale brukarsider ved å pakka inn di sentrale brukarside med <noinclude>
-tagger. Viss sidan er tom eller berre inneheld usynleg innhald slik som __NOINDEX__
, så vil ho ikkje bli vist på andre wikier.
Atterhald
- Det er ikkje sikkert brukarsida di vil sjå likt ut på andre wikier på grunn av forskjell i stilsettet til nettstaden (CSs). Sjekk di brukarside på ein RTL wiki, e.g., :ar: eller :he:.
- Transkludering av spesialsider eller parsarfunksjonar slik som
{{#time}}
vil ikkje bli oppdatert så ofte som dei blir lokalt.
Help:Page status indicators på den sentrale wikiens brukarside, e.g., slik som ICBM geohack i <indicator name="ICBM"><samp id="coordinates" class="coordinates plainlinks">…</samp></indicator>
, vil ikkje verka på ein lokal wiki. Bruk <noinclude><indicator name="ICBM"></noinclude><samp id="coordinates" class="coordinates plainlinks" style="float:right">…</samp><noinclude></indicator></noinclude>
for å laga ein indikator for sidestatus som berre verkar på brukarsida på senralwikien, i.e., Meta-Wiki for dei fleste Wikimedia-prosjekta.
- Wikitekst utan innhald vil bli ignorert på lokale wikier. Dette inkluderer kategoriar, omdirigeringar, og nokre magiske ord slik som
__NOINDEX__
og{{DISPLAYTITLE:}}
. - Forsøk på å skapa iw-lenker som
<includeonly>[[en:User:Example]]</includeonly>
vil bli ordinære User:Example lenkjer.
Sjå òg
- Globale brukarsider på Meta-Wiki, for implementasjon på Wikimedia-prosjektas wikier